8. April 2025 - Astronomi som hobby
19 medlemmer møtte i 8. April opp for å høyre på foredraget til Geir Styve som omhandla astronomi som hobby, og var spesielt retta mot dei som er nye innan hobbyen. Det var eit underhaldande og inspirerande foredrag som fokuserte på dei mange forskjellige måtene å utøve astronomi som hobby på. Geir fortalde om sine tidligare erfaringer. For så å fortelje om korleis smartteleskopet Seestar S50 har gitt han ein ny giv i hobbyen.
Astronomi som hobby
Geir starta med å forklare korleis astronomi er ein hobby ein kan delta i på veldig mange forskjellige måter og nivå. Ein kan vere visuell observatør, berre med auga og kanskje kikkert. Ein kan like nyheter om teoretiske resultater i fysikken, og ein kan ønske å ta flotte bilder av himmellegeme. Men hobbyen har eit stammespråk som må lærast, og kan ha teknologi som må handterast. Dette er ei utfordring som ein vil møte som nybyrjar, og det er viktig å huske at dette er noko som fort blir bedre over tid, sjølv om det kan virke overveldande og frustrerande i starten.
Eit anna viktig aspekt Geir er opptatt av, er at det er viktig at ein er stolt over det ein får til på det nivået ein er på. Han brukte ein morsom analogi om at alle ikkje treng å stå i kø for å nå Mount Everest, og at det kan være minst like mykje glede i å gå tur til ei lokal høgde.
Tips til ein nybyrjar
Eit veldig viktig aspekt for Geir, er å føle glede og undring og glød, uansett om ein har valt visuell observasjon, astrofoto eller teori som retning for hobbyen.
Om ein har valgt visuell observasjon eller astrofoto, så anbefaler Geir å lære stjernebilda ved å bruke ein mobilapp, og begynne med å observere med berre auga eller ein kikkert. Vidare så anbefaler han å ta ting gradvis. Store teleskop er mykje å handtere og det beste teleskopet er det som er mykje i bruk.
Den fotografiske biten har lenge vore ein del meir kompleks utstyrsmessig samanlikna med visuell observasjon, men intelligente teleskop som Seestar S50 har gjort denne retningen mykje meir tilgjengeleg. Geir fortel vidare om korleis Seestar S50 har gjort at han har starta med astrofoto igjen.
Seestar S50 for ein nybyrjar
Videre viste Geir sine første forsøk med Seestar S50. Først gjekk han gjennom kor enkelt instrumentet er å setje opp, og korleis det har gode anbefalingar av mål for kvelden, og kor enkelt det er å sette opp ein plan som teleskopet så utfører utan hjelp. For å velje mål så har Geir også brukt nettsida/appen The Sky, som han varmt anbefaler.
Denne første sesongen har Geir hatt ein strategi om prøvefotografere mest mogleg, og finne ut kva han seinare vil prioritere å fotografere.
Han viser så fleire eksempler av bilete som viser moglegheitane og begrensingar med Seestar S50, samt bilder som han har hatt stor glede av å fotografere med Seestar.
Forbedring av bilder med programvare
Seestar S50 stacker og utfører strekking av bilder på smarttelefon, men det er mulig å laste ned bildene for å tilpasse og forbedre prosessering. Bildebehandling er utfordrande. Geir anbefaler å ta ei gradvis tilnærming. Han sjølv har hatt stor hjelp av blant anna The Lazy Geek på youtube, som forfekter ei tilnærming med 80% av resultatet på 20% av tida.
Pleiadene (Messier M45). Eksempel på eit bilde prosessert av Seestar og eit som er behandla vidare utanfor Seestar appen.
Videre så gir bildebehandling stor valgfrihet innen prosessering, og stort rom for personlige preferanser. Alle har sin tolkning, og kva du velger er opp til deg.
Astronomi i felleskap
Eit anna aspekt ved hobbyen er korleis ein kan lære meir, og få større glede ut av å gjer ting saman. Geir fortel om korleis blant anna BAF møter, lokale observasjonskveldar og Seestar grupper på Facebook har gitt han meir glede rundt hobbyen.
Planlegging av ein observasjon
Ein viktig bit av ein vellyka astrofoto kveld er god planlegging, både med og utan Seestar. Først og fremst er det viktig med ok forhold, som er påverka av vær og månefase. Ein annan viktig faktor er tilgjengelege stjernebilete, her er planetarium programvare som Stellarium og The Sky til stor hjelp. Dei viser posisjonen til himmelelegeme framover og bakover i tid.
Geir har eit rekneark der han held styr på kva mål han har og ønsker å observere. Og han tek oss gjennom både vellukka og mindre vellukka observasjonskveldar.
M31 observasjon med Seestar S50. M31 har stor utstrekning på himmelen, som krever ein mosaikk. Teleskopet tek bilete
av forskjellige område og set saman. Dette er innebygd i Seestar.
Forstå kva ein ser på eit astrofoto
Videre i foredraget, fortel Geir om korleis forståelsen for kva ein har tatt bilde av kan berike opplevelsen.
For å illustrere konseptet emisjon og absorpsjon i tåker ute blant stjernene i vår galakse så bruker han eit bilete av sørhimmelen, med blant anna stjernebiletet Orion. På biletet er det flott nordlys med ei sky i framgrunnen.
Hestehodetåken og Oriontåken i Orion er begge emisjonståker. Støv i universet fungerer som skya i eksempelet med nordlys.
Fenomen å observere
For oss astronomer er det også mange ting å observere innenfor atmosfæren, Geir viser fenomen som:
- Soloppgang/Solnedgang
- Regnboge
- Bisol
- Perlemor Skyer
- Refleksjonar
- Lysande nattskyer
- Nordlys
- Issøyler
Geir forklarer korleis før dei siste 500 åra, så var astronomiske fenomen ei kilde til undring æresfryt og redsel. Men med ei meir og meir vitenskapelig tilnærming så har ein fått meir og meir kunnskap og glede.
Videre fortel han om blant anna om Charles Messier, som frå 1774 samla ei liste over himmellegemer som kunne feiltolkast som kometar (som han leitte etter)
Den inneheld fleire fenomen frå vår galakse:
- Supernovarester
- Kulehoper
- Åpne hoper
- Planetariske tåker
- Emisjonståker
Himmellegemer i Messier katalogen er lyssterke og gode mål for oss amatørar. Geir har tatt bilete av mange mål frå denne med Seestar, og viser fleire eksempler.
Foto av planetariske tåker i Messier katalogen.
Seestar fungerer også til å ta bilete av himmellegemer i solsystemet, som planeter og månen. Teleskopet er ikkje ideelt til dette, men det går.
Eksempel på foto av planetar og Månen.
Ressurser på nett
Geir avslutta med ei liste over nettressurser han finn nyttige:
Tekst: Jonas Waage
Bilder: Geir Styve og Jonas Waage