18. September 2025 - Spektakulære foto
18 medlemmer møtte opp på møtet 18. september for å høyre på Odd Høydalsvik fortelje om korleis ein kan planlegge foto der ein vil fotografere månen eller sola i ein spesifikk posisjon.
Møtet starta ved at Roar Inge Hansen (leiar i BAF) introduserte Odd Høydalsvik, som er ein av dei med aller lengst fartstid i Bergen Astronomiske Forening.
Odd starta så foredraget med å vise fleire fotografi der han har tatt bilde av sola og månen i posisjoner som gir bilda det lille ekstra. Han forklarar så at det er lite slingring for å få rette bildet, og ein må være på rett stad (innfor meteren eller timeteren) til rett tid.
Astronomiske begrep
Bakgrunn for å planlegge slike foto krever nokre begrep.
- Asimut - Vinkelretning i grader fra nord. 0° nord, 180° sør.
- Altitude (elevation) - Høgda over horisonten i grader, fra 0-90°.
- Meridian - Tenkt sirkel som angir lengegrader. 0-360°.
- Transit (øvre kulminasjon) - Når ein himmellekam krysser meridianen som krysser ekvator rett i syd.
Sola og månen sine banar
Ved bruk av begrepa over forklarte Odd kva begrensingar banen til sola og månen gir for posisjonen på himmelen avhengig
av posisjon på jorda.
Han forklarte kvifor spesielt månen sin bane, refraksjon og topografi gjer det utfordrande å kalkulere tidspunkt og stad, noko som har gjort at slike prosjekt historisk har vore krevande, men at blandt anna appen Photo Pills har gjort den matematiske biten mykje enklare.
Photo Pills
Odd introduserte så dei forksjellige delana av Photo Pills appen. Blandt anna planlegger, tidslinje og kamera oppsett.
Vidare viste han live bruk av appen, og to praktisk eksempel. I det første la han ein plan for å ta bilde
med Månen bak Ulriksmasta sett frå Festplassen.
I det andre eksempelet lagde han ein plan for å ta bilde av Troll A platformen i Solnedgang.
Appen har også funksjonalitet ut over måne og sol, blandt anna funksjonalitet for å planlegge bilder av melkeveien, formørkelsar
og meotersvermar, og den har AR funksjonalitet for å vise posisjonar i sanntid.
Odd avslutta eit meget informativt og inspirerande foredrag med nokre tips til andre verktøy ut ein kan benytte ut over Photo Pill.
Tekst: Jonas Waage
Bilder: Odd Høydalsvik og Jonas Waage