22. Oktober 2025 - Hvor nøyaktig er et solur
20 medlemmer møtte opp på medlemsmøtet 20. oktober. Roar Inge Hansen (leiar i BAF) ønskte velkommen til møtet og tok opp to astronomirelaterte turar som planleggast av medlemmar i BAF. Ein observasjonstur til Italia på våren, og tur til Spania for å observere solformørkelse i august.
Om det er medlemmer som har interesse, så ta kontakt med Geir Styve for tur til Italia, og Roar Inge Hansen for tur til Spania.
Fungerer eit enkelt solur?
Roar gjekk så i gang med kveldens foredrag som omhandla soluret. Foredraget starta med eit spørsmål om kor godt eit veldig enkelt solur, basert på ei rett stang (kalla gnomon i solurterminologi) i sanden fungerer.
Før det spørsmålet vart besvart, gir Roar oss ein tur tilbake i tid. Om korleis ein før i tida bestemte dato basert på solhøgda i ein bestemt himmelretning, og tid basert på solretning. Dette har då også har gitt geografiske namn som Nonsberget, Middagshornet. Me fekk også ein gjennomgang av instrument for å bestemme tid, frå antikken og til moderne tid.
Typar solur
Med konteksten sett, så kom vi tilbake til soluret, og fekk forklart dei forskjellige typane solur, og kva astronomiske syklusar dei forskjellige solura tar hensyn til.
Horisontale solur
Som nevnt vert pinnen som kastar skygge i soluret kalla gnomon. Her kjem det fram at det enkle horisontale soluret, kun vil vise riktig tid på nord og sydpolen, andre stader vil ein ha forskjellig tid pr time gjennom døgnet, som vil variere med breddegrad og tid på året.
Analemmatisk solur
Det analemmatiske soluret bøter på dette med å ha ein gnomon som kan justerast gjennom året, og der urskjeva er elliptisk og tilpassa breddegrad.
Syklusar og himmelkoordinater
Roar gav så ei innføring i himmelkoordinatar og dei forskjellige astronomiske syklusane som påvirker sol og stjerneposisjon på himmelen.
Ekvatoriale solur
På dei ekvatoriale solura så er gnomon parallell med jordaksen, og urskiva vinkelrett på gnomon. Mykje som ei ekvatorialmontering for teleskop.
Armillarisk solur
Ettersom urskiva er vinkelrett på jordaksen, så kan urskiva være sirkulær, som då kallast eit Armillarisk solur. Eit slikt solur har Roar fått tak i, og testa i løpet av hausten.
Bruk og test av eit solur
Roar fann så fram sitt solur, og viste prosessen for å setje opp soluret til å vise lokal tid.
- Finn eit horisontalt underlag for soluret.
- Orienter soluret sør-nord.
- Still gnomon-aksen med samme vinkel som breddegrad der soluret er satt opp.
I Roar sitt tilfelle vil soluret no vise lokaltid i Bergen og ikkje norsk tid som klokka viser. Ein kan justere med å endre nord-sør aksen slik at soluret stemmer med klokka på eit bestemt tidspunkt, men ei slik justering vil gi avvik andre tider på døgnet.
Roar viste så ein timelapse video, der han viste ein test av soluret frå 17. Oktober.
Tidsjevning
Ein kompliserande faktor er tidsjevning som oppstår fordi sola har ein elliptisk bane rundt jorda og beveger seg dermed med ujevn fart i ekvatorialplanet. Roar forklarer at nokre solur har tabeller for å justere for tidsjevning, men at det også finnst dei som automatisk justerer for det.
Heile presentasjonen er tilgjengeleg her: Presentasjon solur
Tekst: Jonas Waage
Bilder: Ronny Hjelland
Solur video: Roar Inge Hansen