22. januar 2026 - Observasjonskveld på Fanafjellet med VilVite
Veka 19 - 25 januar hadde me i BAF sett av til å prøve å få til ein observasjonskveld saman med VilVite .
Planlegging
Planen var at VilVite skulle samle inn kontaktinformasjon på vitensenteret i deira periode med astronomi tema. Slik kunne dei raskt invitere og informere om observasjonskvelden. På sjølve kvelden skulle me i BAF ha postar med teleskop og andre astronomiske tema, medan VilVite tok med bålpanner og tok seg av gjestane.
Observasjonskveldar i Bergen er bingo værmessig, men me var så heldige at me fekk stabilt vær heile veka, og kvelden 22. januar peikte seg ut som ein spesielt god kandidat. På VilVite var det mange som ønskte informasjon om arrangementet, og VilVite gjekk også ut i media og fortalde om observasjonskvelden.
Dagen før oppdaga me at det var klink is på den planlagte observasjonsstaden, men heldigvis fann me ein plass i nærleiken som var mogleg å bruke.
Observasjonskveld
På sjølve kvelden var det 7 medlemmer fra BAF som møtte opp med 6 teleskop.
- 2 Dobson-monterte Newton teleskop.
- 2 Ekvatorial-monterte Newton teleskop.
- 1 Schmidt-Cassegrain teleskop.
- 1 Refraktor.
Foto: Dag Magne Ulvang
Av dei vart 5 brukt til visuell observasjon, og eit tok heile tida 60s eksponeringar som vart vist live på skjerm.
Fleire medlemmer hadde også med kikkertar som publikum kunne låne, saman med laminerte stjernekart .
Observasjon med kikkert. Bilete frå NRK Vestlandsrevyen
Gjestane dukka opp frå 18.30 - 21.00, og det viste seg raskt at dette var noko mange ville delta på. I løpet av kvelden var rundt 240 gjester innom. Teleskopa hadde kø store delar av kvelden.
Foto: Roar Inge Hansen
Foto: Dag Magne Ulvang
Ansatte frå VilVite tok seg godt av gjestana og organiserte parkering, tilbaud bålpanner, hjalp gjestane å finne vegen til observasjonsstaden, fortalte om stjernehimmelen, og mykje meir.
Bålpanne å varme seg på. Bilete frå NRK Vestlandsrevyen.
Det var veldig god stemning og publikum var i godt humør sjølv om det vart ein del ventetid på å kikke i teleskopa. Mange opplevde for første gong å observere gjennom eit teleskop, og gjestane var veldig engasjerte og kom med mange gode spørsmål. NRK kom også innom og laga reportasjar som gjekk på Norge i Dag og på Vestlandrevyen .
Himmellegemer som vart observert:
Visuelt
Dei fleste teleskopa vart nytta til visuell observasjon. Gjestane fekk sjå:
- Månen
- Saturn
- Jupiter
- Oriontåken
- Pleiadene
- ISS - Roar Inge Hansen (leiar i BAF), viste med laser ISS når den passerte over observasjonskvelden.
Saturn vert observert. Bilete frå NRK Vestlandsrevyen.
Live-stacking til skjerm
Live stacking til ein skjerm gjorde det mogleg å vise fram lyssvake himmellegeme til mange samtidig, og det gjorde det også enklare å forklare kva ein observerte.
Live-stacking av Andromedagalaksen. Bilete frå NRK Vestlandsrevyen.
Live-stacking vart nytta til å observere:
- Andromedagalaksen - L-filter
- Krabbetåka - SII og Ha-filter
- Galaksane M81 og M82 - L-filter
- Pacmantåka - Ha-filter
- Oriontåka - Ha-filter
- Hestehodetåka - Ha-filter
Live-stacking oppsett. Bilete frå NRK Vestlandsrevyen.
Dette vart ein flott opplevelse både for oss i BAF og VilVite. Med så flotte engasjerte gjester er dette noko som freister til gjentaking.
Tekst: Jonas Waage
Bilder: Jonas Waage, Roar Inge Hansen, Dag Magne Ulvang og NRK.